Hallingen Hestesportsklubb

Hallingen Hestesportsklubb

Klubbmesterskap på Skaga

Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 18. Okt 2017

Irene Storeskar og Frost

På det årlege klubbmesterskapet blir det kåra klubbmester i dei offisielle klassene.  Det blir også utdelt vandrepokal i dressur og sprang i klassene med flest startande ekvipasjer, dette året i klassene Hest LC U 17 og 50 cm sprang.

På lørdag stilte til saman 43 til start i ulike klasser i dressur. I dei uoffisielle klassane RLD1 og LC1 stilte totalt 4 ekvipasjer, som alle gjennomførte flotte rundar på banen.


Loicia Bloin Wibe og Isildur fra Norheim


I klassen Hest LC U 17 var det 17 startande og dermed 5 plasserte.  Tiril Jegleim og Jusyo fekk 1. plass og vart klubbmester i denne klassen med 61,92%.  Tiril fekk dermed også vandrepokalen i dressur dette året.  Same ponnien, Jusyo, tok også 2. plassen saman med Ane Linea Bleiktvedt med 60,00%.  3. plass gjekk til Ronja O. Gjeldokk og Times Chantel med 58,85, 4. plass til Hannah Jegleim og Tirilill fra Voksa med 58,46%.  Same ponnien, Tirlill fra Voksa, fekk også delt 5. plass med Tiril Jegleim (57,69%).  5. plass vart det då også på Sigrid L. Holm og Quick Hatrick med 57,69%.


Rannveig Brattegard og Granvins Erla

I klassen LC Hest var det også 17 startande og 5 plasserte.  Her vart Ingebjørg H. Ådnegard og Kajas Radar klubbmester med 1. plass og 65,00%.  Jannicke Sunnset og Hauk tok 2. plass (62,31%), Marie Thorson Østby Natten og Stjernefrikk 3. plass (61,92%).  Rannveig Brattegard og Granvins Erla tok 4. plass med 60,77%, og Sigrid L. Holm og Quick Hatrick 5. plass med 60,39%.


Rosa sløyfe aksjon på stevnet

Bergljot Bjella med Brown Magic Wind vart klubbmester i klassen LB Hest, med 66,00%.  Her var det 5 startande og dermed 2 plasserte.  Liv Marit Lien og Birger tok 2. plass med 60,80%.

I klassen LA Hest var det 4 startande.  Ragnhild D. Lybekk og Larola tok 1. plass med 67,42%.


Tiril Jegleim og Jusyo




Sundagen var det duka for sprang, med tilsaman 62 startande. 


Det er gledeleg å sjå at rekruteringa er på plass, heile 11 rytterar, fleire av dei debutantar, starta i den uoffisielle klassa 20 cm clearround.


Vandrepokalen i sprang gjekk i år til vinnaren av klassa 50 cm feil og stil. Med 0 feil og 77 stilpoeng var det Sigrid Lerberg Holm og Quick Hattrick som stakk av med denne. Med heile 30 startande i klassa vart det 8 plasserte: 


Ragnhild Danielsen Lybekk Larola HALL0 - 72,00
Beate Bjella Nørlunds El Zack HALL0 - 64,00
Ane Linea Bleiktvedt Sonja Fra Berget HALL0 - 63,50
Bergljot Bjella Brown Magic Wind HALL0 - 58,00
Mirabell Haugstad Blakken HALL0 - 56,50
Eirin Listøen Majeren HALL0 - 55,00
Loïcia Bloin-Wibe Majeren HALL0 - 53,00


I 70 cm feil og stil var det 17 startande og 5 plasserte: 

Ragnhild Danielsen Lybekk Larola HALL0 - 78,50
Sara Disen Filiforme  HALL0 - 74,50
Andrine Bøygaard Rudsmo Dalmin  HALL0 - 67,50
Sigrid Lerberg Holm Quick Hatrick  HALL0 - 62,00
Andrine Bøygaard Rødlands Baronen  HALL0 - 60,50

I klassen 80 cm var det berre fire startande og dermed berre ein plassert, vinnaren Mia Olsen med Bonniconlon Lass (Twilight) som fekk 0 feil og 64,50 stilpoeng.



Takk til alle flinke ryttarar og hestar i alle klasser!  Og tusen takk til alle engasjerte og dyktige dugnadsfolk som gjer ein fantastisk jobb – slik at vi kan arrangere stevne i Hallingdal!


Tekst: Sissel Skrindo og Rannveig Øygardslia, HHSK




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc