Utvida klubbstevne i sprang og dressur på Skaga 6.-7. mai

Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 11. Mai 2017

Utvida klubbstevne sprang og dressur

Skaga Ridesenter på Gol 06.-07.05.17



Det stilte totalt over 100 ekvipasjar til start i ulike klasser på utvida klubbstevne dressur og utvida klubbstevne sprang denne helga. Nokre av ekvipasjane stilte til start for første gong på stevne.

I klassen Ponni LC var det 11 startande ekvipasjar. Her vart det delt 1. plass; Mia Olsen med Bonniconlon Lass Twilight og Tiril Jegleim med Jusyo, begge med 63,04%. I klassen Hest LC fekk Sigrid Lerberg Holm og Quick Hatrick 1. plass med 64,78%. Mari Lisa Grue Rygg og Blacky var einaste ekvipasje i klassen Ponni LB. Dei oppnådde 59,63% i denne klassen. I klassen Hest LB fekk Andrine Bøygaard og Rødlands Baronen 1. plass med 61,48%. Andrine Bøygaard fekk også 1. plass i klassen Hest LA, med 62,26% og med hesten Rudsmo Dalmin.



I klassen sprang 40 cm Feil og stil med 12 startande ekvipasjar tok Loïcia Bloin-Wibe med Isildur frå Norheim 1. plass med 0 feil og 65,0 poeng. I klassen 60 cm Feil og stil var det heile 22 startande ekvipasjar. Her vart det delt 1. plass på Andrine Bøygaard og Rudsmo Dalmin og Sara Disen og Filiforme, med 0 feil og 70,0 poeng. Sara Disen og Filiforme tok 1. plass i 80 cm Feil og stil med 0 feil og 70,0 poeng, og 1. plass i 90 cm Feil og stil med 0 feil og 71,50 poeng.



Gratulerer til alle flinke ryttarar og hestar.
Og tusen takk til alle som bidreg for at vi skal kunne arrangere stevne!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc