L-stevne dressur Alvøen 6.-7. mai

Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 11. Mai 2017

LANDSSTEVNE ALVØEN RIDEKLUBB, BERGEN



3 ekvipasjar frå Hallingen Hestesportsklubb stilte på landsstevne i Bergen i helga; Bergljot Bjella/Brown Magic Wind, Beate Bjella/Nørlunds El Zack og Anne Marit Hefte Gudbrandsgard/Times Chantel.


På laurdag deltok ekvipasjane i 4 klasser. I klassen Hest LC oppnådde Bergljot Bjella og Brown 3. plass av 7 startande med 63,4%, og i klassen Hest LB 4. plass av 9 startande med 61,0%. I klassen Hest LA fekk Beate Bjella og Zack 2. plass med 67,5% av 10 startande. Anne Marit Hefte Gudbrandsgard og Chantel fekk 10. plass med 57,6%. I klassen Ponni MC var det 5 startande ekvipasjar. Beate og Zack fekk 2. plass med 67,3%, Anne Marit og Chantel 5. plass med 58,5%.

På sundag deltok Hallingen-ryttarane 4 klasser. I klassen Hest LA oppnådde Beate og Zack 1. plass av 3 startande med 63,6%. I klassen Ponni MC var det 5 startande. Her fekk Beate og Zack fekk 2. plass med 66,1%, Anne Marit og Chantel 4. plass med 61,1%. I Hest LB fekk Bergljot Brown 4. plass av 7 startande med 59,9%, og i klassen Hest LC 2. plass av 5 startande med 66,4%.

I Alvøen cup lag fekk dermed laget Ålstars frå Hallingen Hestesportsklubb plassering nr 6 med totalt 187,2 poeng.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc