Kretsmesterskap i dressur på Åmot

Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 31. Aug 2017


  • Gull til junior/YR-laget og bronse til ponnilaget frå Hallingen Hestesportsklubb

  • Beate Bjella kretsmester i dressur for junior/YR


    Totalt 7 ekvipasjer stilte på KM i dressur for Hallingen Hestesportsklubb.


I klassen Hest LC med 20 startande i klassen oppnådde Bergljot Bjella og Brown Magic Wind 4. plass med 66,0%, Sigrid L. Holm og Quick Hatrick 9. plass med 61,4%, Mari Lisa Grue Rygg og Blacky 13. plass med 60,4% og Ronja O. Gjeldokk 19. plass med 56,4%. Ponni-laget med 11-åringane Ronja O. Gjeldokk, Sigrid L Holm og Bergljot Bjella var endeleg gamle nok til å delta i KM, og hadde med seg Elin M. Hågensen som lagleiar. Jentene oppnådde samanlagt 3. plass av i alt 8 lag.


Bronselaget i ponniklassa


I klassen Hest LB med 14 startande fekk Beate Bjella og Nørlunds El Zack 1. plass med 68,0%, Ingebjørg H. Ådnegard og Titania 4. plass med 65,8% og Anne Marit H. Gudbrandsgard og Times Chantel 8. plass med 63,3%. I lag-konkurransen junior/unge ryttarar fekk dermed laget frå Hallingen Hestesportsklubb (Anne Marit H Gudbrandsgard/Times Chantel, Ingebjørg Ådnegard /Titania og Beate Bjella/Nørlunds El Zack) med lagleiar Elin M. Hågensen samanlagt 1. plass av i alt 5 lag.


Gullaget i junior-/YR-klassa


I konkurransen Hest LC individuelt med 9 startande i klassen fekk Mari Lisa Grue Rygg og Blacky 3. plass med 61,6%, Sigrid L. Holm og Quick Hatrick 4. plass med 59,6% og Ronja O. Gjeldokk 8. plass med 53,6%. I klassen Hest LB med 7 startande oppnådde Bergljot Bjella og Brown Magic Wind 4. plass med 63,0%, og Mari Lisa Grue Rygg 7. plass med 57,0%.


Beate og Bergljot Bjella


I klassen Hest LA med 12 startande fekk Beate Bjella og Nørlunds El Zack 1. plass med 70,3%, Anne Marit H. Gudbrandsgard og Times Chantel 4. plass med 63,5% og Ingebjørg H. Ådnegard 6. plass med 62,7%.

Beate Bjella vart dermed kretsmeister i dressur for junior/ung rytter, individuelt. Frida Svae, Sylling, tok sølvet og Adele Christense Holmes Hoen, Gevelt, tok bronse.


 Kretsmester Beate (t.v.)


Vi gratulerer alle deltakarane med flotte prestasjonar!

Og takk til flotte hestar, flinke rytterar, hjelpsomme foreldre og trenar Jeremy Spring.



Tekst: Sissel Skrindo, Hallingen Hestesportsklubb

Foto: Elin M. Hågensen, Hallingen Hestesportsklubb





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc