Hauststevne Gjeldokk

Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 28. Sep 2017

Til saman 90 ekvipasjer til start på Gjeldokk Hestesenter i helga 

 

 

Hallingen hestesportsklubb avvikla utvida klubbstevne dressur og sprang på Gjeldokk Hestesenter i helga.  Totalt 90 ekvipasjer starta i ulike klasser i sprang og dressur desse dagane. 


Mari Lisa Grue Rygg og Blacky

 

DRESSUR  

 

I dressur stilte totalt 44 ekvipasjer til start.  Her rir alle i samme klasse gjennom same programmet.  Det blir sett ein karakter frå 1-10 for kvar øving.   Resultatet blir oppgjeve i prosent, og er eit samandrag av stilkarakterar for alle øvingane.   

 

I klassen RLD1 stilte 6 ekvipasjer til start.  Alle gjennomførte flotte rundar og fekk gode prosentar. klassen LC U17 stilte 13 ekvipasjer til start.  Det vart 4 plasserte.  Ronja O Gjeldokk og Frosty fekk 1. plass med 67,82 %, og Tiril Jegleim og Jusyo tok 2. plass med 64,78%.  Mia Olsen og Bonniconlon Lass Twilight tok 3. plass med 62,17 %, og Hannah Jegleim og Jusyo 4. plass med 60,87%.     

klassen LC stilte 8 ekvipasjer.  Det vart 2 plasserte; Liv Marit Lien og Birger tok 1. plass med 64,78%, Torun Thorson Kolstad og Langedrags Loke og Ronja O. Gjeldokk med Times Chantel fekk delt 2. plass, begge ekvipasjene med 63,91%. 

 

I klassen LB U17 stilte 2 ekvipasjer.  Her fekk Bergljot Bjella og Brown Magic Wind høgast prosent, 65,92.  I LB stilte 9 ekvipasjer.  Her vart det 3 plasserte.  Andrine Bøygaard og Rødlands Baronen tok 1. plass med 70,37%.  Bergljot Bjella og Brown Magic Wind tok 2. plass med 66,29% og Marie Thorson Østby Natten med Nattens Sølvi 3. plass med 65,18%. 

 

ekvipasjer stilte i klassen LA.  Det vart 2 plasserte; Ragnhild Danielsen Lybekk og Larola tok 1. plass med 69,65%, og Anne Marit Hefte Gudbrandsgard og Times Chantel 2. plass med 66,89%. 

Ronja O. Gjeldokk og Frosty



 

  Andrine Bøygard og Rødlands Baronen


SPRANG 

 

I sprang Feil og stil blir det sett stilkarakter for ridestil og antrekk/utstyr.  I tillegg må ein hoppe alle hinder utan at hesten stoppar eller riv ned bommar.  Resultatet blir oppgjeve i feil på hinder og samla stilkarakter.  Feil på hinder veg tyngre enn ein god stilkarakter. 
 

Totalt 46 ekvipasjer stilte til start i sprang denne dagen. 

 

9 ekvipasjer stilte til start i 20 cm Clear Round, og gjennomførte flotte rundar på banen. 

 

I klassen 4cm sprang  feil og stil stilte 13 ekvipasjer til start, og det vart 4 plasserte.  Tiril Jegleim og Tirilill fra Voksa tok 1. plass med 0 feil og 70,5 poeng.  Hannah Jegleim fekk delt 2. plass med seg sjølv og dei 2 ponniane Tirilill fra Voksa og Jusyo, begge rundane med 0 feil og 67,0 poeng.  Brita Laa og My Fantasy tok 4. plass med 0 feil og 66,0 poeng. 

 

I klassen 60 cm sprang feil og stil stilte 15 ekvipasjer til start, og det vart 3 plasseringar.  Frida Nicoline Barlaug Haugland frå Hønefoss og Ringerike Rideklubb og Andilina tok 1. plass med 0 feil og 73,5 poeng.  Bergljot Bjella og Brown Magic Wind tok 2. plass med 0 feil og 72,0 poeng.  Det vart delt 3. plass mellom Brita Laa på My Fantasy og Sigrid Lerberg Holm på Quick Hatrick, begge med 0 feil og 69,0 poeng. 

 

ekvipasjer stilte til start i 80 cm sprang feil og stil.  Det vart 2 plasserte.  Frida Nikoline Haugland frå Hønefoss og Ringerike Rideklubb tok 1. plass med Camillo med feilfri runde og 74,0 poeng.  Sara Disen og Filiforme tok 2. plass med 0 feil og 68,5 poeng. 

 

2 ekvipasjer stilte i klassen 90 cm feil og stil.  Her fekk Frida Nikoline Haugland frå Hønefoss og Ringerike Rideklubb med Camillo høgast poengsum; 0 feil og 77,0 poeng.   


 

 

Takk til alle flinke ryttarar og hestar i alle klasser!  Og tusen takk til alle engasjerte og dyktige dugnadsfolk som gjer ein fantastisk jobb – slik at vi kan arrangere stevne i Hallingdal! 

 

 

Tekst og foto: Sissel SkrindoHallingen Hestesportsklubb 

 

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.