Tur til Kingsland Oslo Horse Show

Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 27. Sep 2018



BUSS TIL 

KINGSLAND OSLO HORSE SHOW 2018


Hallingen Hestesportsklubb set opp buss for medlemmer i klubben til

Kingsland Oslo Horse Show

søndag 14.10.18


Bussen går tur/retur Ål. Avreise kl 07.00 frå skoletoppen, Ål. Stopp for påstigning ved Shell på Hagaskogen, Gol. Retur frå Telenor Arena ca. kl. 18.00. Du må vera fyllt 12 år for å reise utan ein vaksen med bussen. 


Pris:kr. 250,- pr person (tur/retur). 

Hallingen Hestesportsklubb sponsar resten.

Det er ein føresetnad for at vi set opp buss at vi blir minst 20 personar.


Påmelding til

Sissel Skrindo 

mobil 99287896/

e-post sissel@hhsk.no

seinast søndag 30.09.18.


Vi må ha fullt namn og telefonnr ved påmelding. Dersom du er over 12 år og reiser utan føresette med bussen, må vi også ha namn og telefonnr til føresette.


Vi gjev tilbakemelding seinast fredag 05.10.18 om det blir nok påmeldte til at det blir busstransport tur/retur Oslo.


Sjå meir informasjon om Kingsland Oslo Horse Show 2018 her:

https://oslohorseshow.com/


NB! Inngangsbillett til Kingsland Oslo Horse Show må du bestille/kjøpe sjølv. Du kan kjøpe billett på  https://www.ticketmaster.no/artist/kingsland-oslo-horse-show-billetter/895693

Merk at det er mogleg å kjøpe «Familie- og vennerbillett» til søndagen. 


Vi håpar mange vil bli med også i år! 






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline