Dugnadar 2019

Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 14. Feb 2019


VI TRENG DUGNADSHJELP!


«Etterspretten» i Hallingdal Feriepark på Ål

lørdag 16.03.19 



Hallingen Hestesportsklubb har igjen fått avtale med Hallingdal Feriepark om 3 dugnader i 2019, og dermed moglegheit til å skaffe god inntekt til klubben. Dette gjeld Etterspretten 16.03.19, Hellbillies-konsert 09.08.19 og ein vårdugnad før 17. mai i Ferieparken. Som tidlegare forventar vi at klubbmedlemmene stiller opp på minst ein av desse dugnadene ila året.


På Etterspretten skal vi som tidlegare bemanne 6 kasser med 2 personar pr kasse, der ein jobbar i kasse, og ein skjenker. I tillegg må vi ha 2-3 som jobbar «bak» og får varer fram til baren. Vi må dekke perioden kl. 14.30-02.30. Du må vera fylt 18 år for å bli med på denne dugnaden.


Kan du tenke deg å hjelpe til her?

Dette kan vera travle vakter, men det er sosialt, hyggeleg og moro!  



Gje beskjed til Sissel på mob. 99287896 eller e-post ss@aal.kommune.no 

så snart som mogleg og seinast 01.03.19.


Gje beskjed om du ønsker 

  • tidleg eller sein vakt

  • å stå i kassa eller skjenke

  • vil jobbe «bak»

  • vil vera «barsjef»/kontaktperson til Ferieparken





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline