PROGRAMRIDNING OG BANEHOPPING VED SKAGA RIDESENTER

Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 29. Okt 2020

Hannah B Jegleim og Jack, Loïcia Bloin-Wibe og Nala, Ane Linea  Bleiktvedt og Loke  

Foto: Mona Domaas Wibe

Pga COVID-19 vart det ikkje offisielt stevne med klubbmesterskap for Hallingen Hestesportsklubb denne hausten. I staden vart det programridning og banehopping utan klubbmesterskap, og eit arrangement med mange reglar ift smittevern.

Ingeborg Falck-Magnetun og Holly. Foto: Sigrid L Holm

Eline Aasberg og Viento de Matador. Foto: Sigrid L Holm

Klubben inviterte til programridning i klassane RLD1, LC1, LB1, LA1 og MC3, og banehopping i klassane 30, 40, 60, 80 og 90 cm. Det var bedømming som ved eit vanleg stevne. Her var det moglegheit for å stille på stevne for første gong, til å stille med ny hest, eller med hest som ikkje har vore på stevne før. Det var også ein fin moglegheit til å prøve seg i ein høgare klasse enn ein har stilt i før.

Lilja Knapstad Kjønås og Blue Icey Diamond. Foto: Anne-Kristin Aasberg

Åsne Skrindo Danielsen og Savannah. Foto: Sigrid L Holm

Og for ei deltaking! I dressur stilte totalt 34 ekvipasjar til start. I sprang var det totalt 51 påmeldte ekvipasjar. Dei fleste deltakarane stilte for Hallingen Hestesportsklubb eller Geilo Ride- og Kjøreklubb. Det var spesielt kjekt med mange nye ryttarar på deltakarlistene!

Giljar Groven og Birk. Foto: Sigrid L Holm

Giljar Groven og Birk. Foto: Sigrid L Holm

Det vart ingen rangering av deltakarane, men begge dagane delte klubben ut «spesialprisar». Lørdag fekk Matilde Storeskar Engebretsgård pris for mest kreative fletter, Hedda Kristin Trasti-Smestad for høgaste poengsum i dressur (69,56 i LC), og Loïcia Bloin-Wibe for best antrukne dressurekvipasje. 

Matilde Storeskar Engebretsgård og Prinsesse

Søndag fekk Hedda-Kristin Trasti-Smestad pris for dagens høgaste stilpoeng med 79 poeng i 60 cm. Aylinn Solberg fekk prisen for mest kreative fletter, og Ronja Offerdal Gjeldokk fekk prisen for best antrukne sprangekvipasje. Dagens modigste rytter-pris gjekk til Eline Aasberg.

Hedda-Kristin Trasti-Smestad og Langklopps Tequila Sunshine.  Foto: Anne-Kristin Aasberg


Eline Aasberg og Floreada MAR. Foto: Sigrid L Holm


Dette vart ikkje eit vanleg hauststevne for ryttarane våre, men vi fekk til ei fin helg med god ridning og mykje moro. Tusen takk til alle som stiller opp for at vi skal kunne arrangere stevne!


Hallingen Hestesportsklubb

Sissel Skrindo


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline