Kretsmestere i dressur

Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 7. Sep 2016


Kretsmestere i dressur for lag 2016


Kretsmesterskap i dressur for Buskerud Rytterkrets 2016 vart arrangert av Hønefoss og Ringerike Rideklubb helga 3.-4. september. Hallingen Hestesportsklubb stilte med to lag i junior/young rider-klassen, dvs i klassen for ryttarar til og med 21 år.

På lag 1 deltok Kristina Roset/Cashgirl, Andrine Bøygaard/Rudsmo Dalmin og Synne Håheim Lappegard/Andilina. Lag 2 var Ingebjørg Hågensen Ådnegard/Lihmskovs Coppercoin og Beate Bjella/Nørlunds El Zack.



Ingebjørg og Beate vann lagkonkurransen lørdag, som gjekk i klasse LB:2. Ingebjørg vann også klassen individuelt. Kristina, Andrine og Synne havna på ein samanlagt fjerdeplass. I alt 7 lag deltok i lagkonkurransen.

I individuell mesterskapsklasse LA:2 på søndag deltok berre Beate og Ingebjørg frå Hallingen Hestesportsklubb. Dei havna dessverre begge rett utanfor pallen; Beate på fjerdeplass og Ingebjørg på femteplass.



Det vart også gjennomført fleire distriktsklasser ved sida av mesterskapsklassene. Kristina vann distriktsklasse LB:3 på søndag.





Hallingen Hestesportsklubb

Sissel Skrindo





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.