Informasjon om dugnader

Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 25. Aug 2016

Logo.jpg


INFO OM DUGNADER


Hallingen Hestesportsklubb har fått avtale med Hallingdal Feriepark om bemanning av baren ved 2 arrangement i året; Etterspretten på palmelørdag, og Hellbillies-konsert i august. Klubben har dermed moglegheit til å skaffe god inntekt til klubben.


Det er vanskeleg å skaffe nok personar over 18 år til desse dugnadene. Det er stort sett dei same medlemmene som jobbar kvar gong. Heldigvis har ein del personar som ikkje er medlemmer i klubben stilt opp i tillegg, slik at vaktlista har gått i hop.


Styret i HHSK bestemte difor på styremøte 18.08.16 at vi prøver same prinsipp som ved dugnader i t.d. håndball- og fotballgruppene; vi set opp ei vaktliste og prøver å fordele vaktene på medlemmene. Dersom du er sett opp på vakt og ikkje har høve til å stille, er du sjølv ansvarleg for å bytte med andre, evt. få nokon til å stille for deg.


Styret vurderer at dette er relativt korte og greie vakter, berre 2 gonger i året. Alternativet til desse dugnadene er salg av t.d. kakeboksar og dopapir, eller at klubben må redusere på alle aktivitetar.


Vi sender ut vaktliste for Etterspretten så snart vi har behov og vaktlengder klare frå Hallingdal Feriepark.




19.08.16


Mvh


Styret Hallingen Hestesportsklubb


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.