KM i dressur for Buskerud Rytterkrets

Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 10. Sep 2018


Ponnilaga frå Hallingen


8.-9. September arrangerte Drammen og Omegn Rideklubb og Sylling Rideklubb Kretsmesterskap i dressur for Buskerud Rytterkrets.


Hallingen stilte med to lag:

Mia Olsen/Bonniconlon Lass Twilight, Tiril Jegleim/Odbjergs Eros og Hannah B Jegleim/Tirilili fra Voksa 

og

Ronja O Gjeldokk/Frosty, Brita Laa/My Fantasy og Bergljot Bjella/Brown Magic Wind


I tillegg deltok Andrine Bøygard og Rødlands Baronen i KM individuelt for junior/unge ryttere.


Laurdag gjekk lagkonkurransen for ponniryttarane av stabelen, dette var også fyrste avdeling i KM ponni individuelt.

Ponniryttarane frå Hallingen leverte gode resultat i LC med godkjente program og fleire over 60 %. Belønninga vart pallplass for begge lag! Sølv til Brita, Bergljot og Ronja, og bronse til Mia, Tiril og Hannah. 

Bergljot og Brown deltok også i det individuelle mesterskapet, og plasserte seg fint som nummer sju med 63,2 % etter fyrste avdeling.

Andrine og Baronen låg også godt an med ein fjerdeplass i LB/fyrste avdeling og 62,58 %.



Sundag var det klart for andre avdeling, denne går i LB for ponniryttarane og LA for jr/UR.

Bergljot og Brown rei inn til ein fin 3. plass med 62 % og vart med det bronsevinnarar for ponni!



Bergljot og Brown



Andrine og Baronen vart nummer fire igjen med 57,65 % og endte på ein 4. plass samanlagt.



Me gratulerer dei dyktige ryttarane våre og sender ein stor takk til støtteapparatet som har gjort dette mogeleg. Heia Hallingen!

Resultatlistene finn de på horsepro.no: 

http://www.horsepro.no/index.php?r=show/event/event&eventId=16497#theCompetitionList


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.