Informasjon om stevnestart del 1

Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 3. Mai 2016


INFORMASJON VEDR. STEVNESTART



Har du lyst til å starte på stevne?

Litt info til deg som ikkje har starta før:





  1. TYPE STEVNE


Det er skilnad på offisielt stevne og andre arrangement.


Eit offisielt stevne er t.d. utvida klubbstevne med inviterte klubbar eller distriktsstevne. Her er det krav om Grønt kort for å starte. Sjå informasjon om Grønt kort pkt. 2.


Det blir sett opp klasser i dressur og sprang i samsvar med Norges Rytterforbunds konkurransereglement (KR). Konkurransereglementet er inndelt etter innhald og greiner. Du finn dei gjeldande reglementa under http://www.rytter.no/stevnestart/reglement/ .


Du må melde deg på i HorsePro NETT (http://www.horsepro.no/). HorsePro NETT er ein resultatdatabase og stevneadministrasjon på internett. Resultat vil ligge i HorsePro etterpå. Du vil få utdelt protokoll med bedømming i dei klassene du har stilt i.

Ved andre arrangement som klubben arrangerer treng du ikkje grønt kort. Det er derimot eit krav om at du er medlem i Hallingen Hestesportsklubb. Ved eit arrangement med øvingsriding er det då ikkje dressur- og sprangklasser, men programriding og banehopping for privatpersonar. Vi følgjer program og klasser tilsvarande dei som blir brukt av NRYF. Du vil få protokoll og deltakarpremie som ved eit vanleg stevne, men det er ingen rangering. Ved banehopping Clear Round får du moglegheit til å prøve ein gong til dersom de riv eller hesten vegrar på første runde.


Hallingen Hestesportsklubb arrangerer stevne både på Gjeldokk Hestesenter på Ål og på Skaga Ridesenter på Gol. Det blir vanlegvis arrangert 2 stevner på våren og 2 på hausten, og då 1 stevne på kvar plass.



2. GRØNT KORT


Dersom du skal starte på Distriktsstevne (og høgare), må du ha rytterlisens. For å få løyst rytterlisens må du ta Grønt Kort. Hesten du konkurrerer med må også vera registrert i NRYF og ha hestelisens (frå og med klasse LB i Distriktsstevner).


Norges Rytterforbund ynskjer at alle konkurranseryttarar skal ha nødvendige basiskunnskapar om hest, hestevelferd, sikkerhet og reglement. Det er derfor eit krav om Grønt Kort for å kunne starte på UK-stevner og oppover, og for å kunne løyse rytterlisens i NRYF.


Kurset består av reglementskurs, kurs i sikkerhet og hestekunnskap, praksis i stallen og ridetest – totalt 11-12 timar. Barn under 16 år skal ha med ansvarleg/føresett på kurset. Dette er tenkt som ei opplæring for foreldra også  Dessutan er foreldre/føresette ansvarlege for aktiviteten for dei yngre i omgang med hest. Klubben arrangerer kurs i Grønt kort.



3. GREINER OG KLASSER


Kva klasser som er sett opp på stevnet du tenkjer å melde deg på, vil du finne på invitasjon i HorsePro dersom det er er eit offisielt stevne, og på invitasjon på e-post frå klubben dersom det er eit arrangement med banehopping og programriding.

Sprang


sprang.jpg


I ein sprangkonkurranse skal ein ri ein bestemt bane med ulike type hinder i ein bestemt rekkefølge. I dei fleste sprangkonkurransar tel ridefeil. Ridefeil kan vera vegringar, nedslag av hinder eller feilriding. Vinnaren av ein konkurranse er den ekvipasjen som gjennomfører rittet med høgast stilpoeng og med færrast mogleg feilpoeng. I sprang er det ofte 20-40-60-80 cm osv, eller 30-50-70-90 cm osv.




Dressur



Eit dressurprogram er samansett av mange øvingar og sekvensar som blir bedømt individuelt. I tillegg blir gangartane til hesten, lydighet, dessutan sits og ferdigheter hos ryttar bedømt. Dommerane i ein dressurkonkurranse gir poeng på en skala frå 0 til 10, der 0 poeng ikkje er fullført, 10 er utmerket og 5 er godkjent. Den ekvipasjen som har oppnådd høgast poengsum samla vinn klassen.


I dressur er det ofte ryttertest, LD, LC, LB og LA. Det kan vera ulike program, t.d. LC 1- LC 3. Dei ulike programma du må kunne finn du på

http://www.rytter.no/grener/dressur/program/


Ein ekvipasje som har oppnådd 60% i ein klasse, har ofte ikkje moglegheit til å melde seg til start i klassen under.



Distanse




Distanseridning vil si ridning over lengre distansar for å prøve utholdenhet og hurtighet til hesten. Samtidig skal rytteren sin kjennskap til hesten, hesten sine gangartar og evne til å ta seg fram i terrenget prøvast.

Den lågaste klassen i distanseridning er Lett D (turritt) som er under 39 km. I dei korte klassane skal ein ri med angitt hastighet mellom 8 og 15 km per time. Alle som fullfører innanfor gitt tid, får godkjent sitt ritt. Hesten blir kontrollert av veterinær både før, undervegs og etter rittet. Veterinæren sjekkar blant anna puls, bevegelsar, ømheter og allmenn kondisjon.



Ynskjer du å lære meir om distanse, kan du ta ein titt på distansebrosjyre frå Rytterforbundet;

http://www.rytter.no/wp-content/uploads/2014/12/di...



Køyring


Er du interessert i køyring? Ta kontakt med Olav Andres Ådnegard tlf. 95734044.


4. RYTTAR


I NRYF sitt konkurransereglement finn du informasjon om pliktene til ryttaren;

http://www.rytter.no/wp-content/uploads/2014/12/kr-i-20151.pdf

Dette inneber m.a. å ta med på stevne

– dokumentasjon på gyldig klubbmedlemskap
– gyldig Grønt kort og rytterlisenskort
– gyldig hestepass/hestelisens, og gyldig vaksinasjonsattest


Alle deltakarar under 18 år må oppgje ein vaksen ansvarleg.


5. KRAV TIL SIKKERHETSUTSTYR OG ANTREKK


Både ved offisielt stevne og øvingsriding er det krav til sikkerhetsutstyr tilsvarande konkurranseregelementet til NRYF. Sjå

http://www.rytter.no/wp-content/uploads/2014/12/kr-i-20151.pdf





Dette betyr i hovudsak:


  • Antrekk: Ridestøvler og godkjent sikkerhetshjelm, eigna ridebukse, mørk overdel.
  • Sikkerhetsvest av sikkerhetsgodkjent type i sprangridning. Sikkerhetsvest er påbudt under oppvarminga og under konkurransen for alle ryttarar ut det året dei fyller 18 år.
  • Alle deltakarar skal vera korrekt kledde på konkurransebanen, også ved besiktigelse av banen i sprang, og ved premieutdeling.
  • Pisk må ikkje vera lenger enn 75 cm.
  • Ved D-stevner og høgare skal hesten ha nummerlapp. Den skal vera synleg på hesten si venstre side, og under all riding og ferdsel på stevneplassen.
  • Alle hestar som sparkar skal ha raud sløyfe i halen.





    6. HEST

Dersom du ikkje har eigen hest og melder deg på med denne på stevne, kan du vanlegvis leige hest av rideskolen på Gjeldokk eller på Skaga. Rideskolene gjev nærare beskjed om dette før kvart stevne; pris for leige, pris for transport, opplegg, oppgåver osv.


Ofte vil det vera fleire som ynskjer same hest/ponni. Dette betyr at du melder deg på med ønska hest/ponni i aktuell klasse, og så bestemmer rideskolen fordeling av hest og ponni. Same hest/ponni skal ikkje gå meir enn 3 gonger på eit stevne, så du må ha forståing for at du kanskje ikkje får yndlingsponnien din i alle klasser..  Sjå også nedanfor pkt. 7 om oppgåver.


Sprang:

Det er lov å bruke beinbelegg. Ørehette, ørepropper og fluebeskytter er tillatt. Berre løpende martingal er tillatt.


Dressur:

Det er ikkje lov å bruke beinbelegg. Fletting av man og halerot er tillatt. Pynting av hesten med unaturlege ting, som bånd, blomar o.l., er forbudt. Ei diskret, raud sløyfe i halen som varsel om at hesten sparkar, er tillatt.


Du må vise hestepass med gyldig vaksinasjonsbevis for tilreisande hestar.





7. FØR, UNDER OG ETTER STEVNET


Påmelding, anten i HorsePro for offisielt stevne, og på e-post til klubben ved øvingsriding, er bindande. Dvs. du må uansett betalte startavgift dersom du ikkje har meldt deg av innan fristen. Påmelding etter fristen er dyrare, ofte dobbel avgift.


Dersom du leiger hest frå rideskolen, vil du få oppgjeve kva hest/ponni du skal ri på stevnet 1 eller fleire dagar før stevnet. Ofte må du då samarbeide og avtale med dei andre ryttarane korleis de fordeler oppgåvene.

Ettermiddagen før stevnet må du pusse alt utstyr, sørge for at det er rein shabrak på plass, evt. pusse beinbelegg og evt. vaske hesten/ponnien. Dersom hest/ponni skal transporterast og oppstallast på annan stall, må du bestille oppstalling, pakke høy og avtale med rideskolen kva du skal gjera før/etter transport.


Under stevnehelga må du møte opp i god tid for å pusse og flette hesten, og få tid til oppvarming før du skal starte. Du må sørge for at hesten din får pauser i løpet av dagen, og du må sørge for vatn og mat. Du må avtale med rideskolen om du skal fore frukost – middag – kvelds desse dagane.


I sprang må du hugse å møte opp til besiktigelse av banen – i korrekt antrekk. I sprang blir det ikkje sett opp tider, slik at her må du prøve å beregne starttid ut frå startlista – men rekne med at det kan bli endringar.


8. ANNA


Det er forbudt å røyke på heile stevneområdet.

Det er båndtvang på heile stevneområdet.


9. GYMKHANA


Vi avsluttar ofte stevnehelga med uhøgtidleg gymkhana-konkurranse!







VELKOMEN TIL STEVNE!


Ridestevne er moro, lærerikt og sosialt – og du vil lære om alle reglar og kva du må hugse på etterkvart.


Spør dei større jentene dersom du er i tvil om noko!



Les også saken "Informasjon om stevnestart del 2"








Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.