NM Fjordhest 2017
Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 11. Aug 2017
NM
FJORDHEST
Askim 31. juli - 6. august 2017
Foto: HHSK
Totalt 10 ekvipasjer frå Hallingen Hestesportsklubb deltok i NM Fjordhest 2017. 99 fjordingar deltok i NM 2017.
Det har vore ei lang og våt veke, med opp- og nedturar, men mykje moro. Hallingane har gjort seg synlege med mange gode resultat, og det har vore lærerikt for alle. Fjordingen er ein uthaldande rase; det har hestane virkeleg vist på så mange dagars stevne.
I klassen LA2 oppnådde Ingebjørg Ådnegard og Åsa Vilja 16. plass med 60,99%. Andrine Bøygaard og Rødlands Baronen vart nr 26 med 58,14% og Marie Thorson Østby Natten og Langedrags Hekla vart nr 32 med 55,56%. Det var i alt 34 startande ekvipasjer i denne klassen. I klassen LB3 fekk Andrine Bøygaard og Rødlands Baronen 11. plass av totalt 21 startande, med 59,13%. I LA5 med totalt 12 startande ekvipasjer vart Ingebjørg Ådnegard og Åsa Vilja nr. 2 med 63,55%. Andrine Bøygaard og Rudsmo Dalmin vart nr. 10 med 55,81%, og Marie Thorson Østby Natten og Langedrags Hekla nr 12 med 55,16%.
Ingebjørg Ådnegard og Åsa Vilja nr 2 i LA:5 (foto: HHSK)
Marie Thorson Østby Natten og Langedrags Hekla (foto: HHSK)
I dressurkøyring LC fekk Marie Thorson Østby Natten og Langedrags Loke 5. plass (totalt 7 startande). I klassen dressurkøyring LB fekk Giljar Groven med Åsa Vilja og Simone Brenna og Rødlands Baronen delt 7. plass. Simone Brenna fekk 12. plass med Rudsmo Dalmin, og Ragnhild Gjelseth og Nattens Godis fekk 13. plass. I denne klassen var det 13 startande.
Giljar Groven og Åsa Vilja med groom Ingebjørg Ådnegard (foto: HHSK)
Knøttecup inneber 3 øvingar på same dag; dressur LC, sprang 60 cm og terrenghopping. Her deltok 29 ekvipasjer. Ingebjørg Ådnegard og Åsa Vilja fekk 3. plass, Kristin Skarpås og Langedrags Hekla 19. plass.
Ingebjørg og Vilja i aksjon i knøttecupen (foto: HHSK)
I maratonkøyring LC oppnådde Marie Thorson Østby Natten og Langedrags Loke 4. plass av totalt 5 startande. I maratonkøyring LB fekk Simone Brenna og Rødlands Baronen 4. plass, Simone Brenna og Rudsmo Dalmin 8. plass, og Ragnhild Gjelseth og Nattens Godis 9. plass av i alt 10 startande.
I presisjonskøyring LC oppnådde Marie Thorson Østby Natten og Langedrags Loke 12. plass av totalt 16 startande. I presisjonskøyring LB fekk Simone Brenna og Rudsmo Dalmin 1. plass, Simone Brenna og Rødlands Baronen 6. plass og Ragnhild Gjelseth og Nattens Godis 10. plass av i alt 14 startande. I presisjonskøyring LA oppnådde Giljar Groven og Åsa Vilja 10. plass av i alt 12 startande.
Simone Brenna og Rudsmo Dalmin, vinnarar av presisjonskøyring LB (foto: HHSK)
I sprang 60 cm fekk Andrine Bøygaard og Rudsmo Dalmin 5. plass med 0 feil og 69,0 poeng. Her var det 19 startande. I sprang 70 cm fekk Andrine Bøygaard og Rødlands Baronen 12. plass med 4 feil og 72,0 poeng, og med Rudsmo Dalmin 15. plass med 4 feil og 69,0 poeng. I klassen 80 cm vart Ingebjørg Ådnegard og Åsa Vilja nr 7 av 16, med 4 feil og 70,8 poeng.
Andrine Bøygard og Rødlands Baronen (foto: privat)
Ingebjørg Ådnegard og Åsa Vilja (foto: HHSK)
Åsa Vilja vart kåra til beste unge fjordhest i 6-årsklassen. Åsa Vilja kom best ut av 6-åringane i dressur og sprang med Ingebjørg Ådnegard, og 3. best i presisjonskøyring med Giljar Groven. Åsa Vilja vart dermed nr. 1 samanlagt.
Ingebjørg og Vilja (foto: HHSK)
På dei 2 åra Ingebjørg har trent Åsa Vilja har Åsa Vilja fått premie for 3. beste unge fjordhest som 5 års og beste unge fjordhest som 6 års. I tillegg vart hoppa premiert med 1. premie på utstilling sommaren -16. Dette er siste stevne for Ingebjørg og Åsa Vilja. Åsa Vilja skal no tilbake til eigar Jorun Kollhus og gå som avlshoppe.
Avslutningsseremoni (foto: HHSK)
Tekst: Sissel Skrindo/Elin M. Hågensen, Hallingen Hestesportsklubb
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.