Unghest-VM Distanse
Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 22. Aug 2017
19. August deltok Mari Kolstadbråten Ekra i Unghest-VM distanse i Brussel, Belgia.
Mari og Zenzai var ein av 40 ekvipasjer i CEI 130 km. Dei gjekk ut med godt mot, men kom dessverre ikkje i mål. Ved re-inspeksjon før siste etappe måtte dei trekke seg - dvs at dei fullførte 110 av 130 km før dei gjekk ut. Hesten stivna til i bakparten før siste mønstring og dei fekk difor ikkje lov til å få ri siste etappe.
Mari melder at det er veldig kjedeleg å ikkje få fullført. Men av 40 ekvipasjer fekk berre 11 godkjent ritt - så Mari er veldig fornøgd likevel. Løypene var teknisk krevjande, og pga mykje nedbør og svært mange hestar som hadde sprunge, var det veldig tungt å springe i den våte og djupe sanda. Halvparten av dei startande var ute etter halvparten av rittet.
No er dei på veg heim til Norge, Zenzai er i god form og dei har hatt ei flott veke i Belgia.
Gratulerer med innsatsen i Unghest-VM 130 km!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.