Hauststevne Gjeldokk
Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 28. Sep 2017
Til saman 90 ekvipasjer til start på Gjeldokk Hestesenter i helga
Hallingen hestesportsklubb avvikla utvida klubbstevne i dressur og sprang på Gjeldokk Hestesenter i helga. Totalt 90 ekvipasjer starta i ulike klasser i sprang og dressur desse dagane.
Mari Lisa Grue Rygg og Blacky
DRESSUR
I dressur stilte totalt 44 ekvipasjer til start. Her rir alle i samme klasse gjennom same programmet. Det blir sett ein karakter frå 1-10 for kvar øving. Resultatet blir oppgjeve i prosent, og er eit samandrag av stilkarakterar for alle øvingane.
I klassen RLD1 stilte 6 ekvipasjer til start. Alle gjennomførte flotte rundar og fekk gode prosentar. I klassen LC U17 stilte 13 ekvipasjer til start. Det vart 4 plasserte. Ronja O Gjeldokk og Frosty fekk 1. plass med 67,82 %, og Tiril Jegleim og Jusyo tok 2. plass med 64,78%. Mia Olsen og Bonniconlon Lass Twilight tok 3. plass med 62,17 %, og Hannah Jegleim og Jusyo 4. plass med 60,87%.
I klassen LC stilte 8 ekvipasjer. Det vart 2 plasserte; Liv Marit Lien og Birger tok 1. plass med 64,78%, Torun Thorson Kolstad og Langedrags Loke og Ronja O. Gjeldokk med Times Chantel fekk delt 2. plass, begge ekvipasjene med 63,91%.
I klassen LB U17 stilte 2 ekvipasjer. Her fekk Bergljot Bjella og Brown Magic Wind høgast prosent, 65,92. I LB stilte 9 ekvipasjer. Her vart det 3 plasserte. Andrine Bøygaard og Rødlands Baronen tok 1. plass med 70,37%. Bergljot Bjella og Brown Magic Wind tok 2. plass med 66,29% og Marie Thorson Østby Natten med Nattens Sølvi 3. plass med 65,18%.
6 ekvipasjer stilte i klassen LA. Det vart 2 plasserte; Ragnhild Danielsen Lybekk og Larola tok 1. plass med 69,65%, og Anne Marit Hefte Gudbrandsgard og Times Chantel 2. plass med 66,89%.
Ronja O. Gjeldokk og Frosty
Andrine Bøygard og Rødlands Baronen
SPRANG
I sprang Feil og stil blir det sett stilkarakter for ridestil og antrekk/utstyr. I tillegg må ein hoppe alle hinder utan at hesten stoppar eller riv ned bommar. Resultatet blir oppgjeve i feil på hinder og samla stilkarakter. Feil på hinder veg tyngre enn ein god stilkarakter.
Totalt 46 ekvipasjer stilte til start i sprang denne dagen.
9 ekvipasjer stilte til start i 20 cm Clear Round, og gjennomførte flotte rundar på banen.
I klassen 40 cm sprang feil og stil stilte 13 ekvipasjer til start, og det vart 4 plasserte. Tiril Jegleim og Tirilill fra Voksa tok 1. plass med 0 feil og 70,5 poeng. Hannah Jegleim fekk delt 2. plass med seg sjølv og dei 2 ponniane Tirilill fra Voksa og Jusyo, begge rundane med 0 feil og 67,0 poeng. Brita Laa og My Fantasy tok 4. plass med 0 feil og 66,0 poeng.
I klassen 60 cm sprang feil og stil stilte 15 ekvipasjer til start, og det vart 3 plasseringar. Frida Nicoline Barlaug Haugland frå Hønefoss og Ringerike Rideklubb og Andilina tok 1. plass med 0 feil og 73,5 poeng. Bergljot Bjella og Brown Magic Wind tok 2. plass med 0 feil og 72,0 poeng. Det vart delt 3. plass mellom Brita Laa på My Fantasy og Sigrid Lerberg Holm på Quick Hatrick, begge med 0 feil og 69,0 poeng.
7 ekvipasjer stilte til start i 80 cm sprang feil og stil. Det vart 2 plasserte. Frida Nikoline Haugland frå Hønefoss og Ringerike Rideklubb tok 1. plass med Camillo med feilfri runde og 74,0 poeng. Sara Disen og Filiforme tok 2. plass med 0 feil og 68,5 poeng.
2 ekvipasjer stilte i klassen 90 cm feil og stil. Her fekk Frida Nikoline Haugland frå Hønefoss og Ringerike Rideklubb med Camillo høgast poengsum; 0 feil og 77,0 poeng.
Takk til alle flinke ryttarar og hestar i alle klasser! Og tusen takk til alle engasjerte og dyktige dugnadsfolk som gjer ein fantastisk jobb – slik at vi kan arrangere stevne i Hallingdal!
Tekst og foto: Sissel Skrindo, Hallingen Hestesportsklubb
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.