Klubbmesterskap på Skaga
Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 18. Okt 2017
På det årlege klubbmesterskapet blir det kåra klubbmester i dei offisielle klassene. Det blir også utdelt vandrepokal i dressur og sprang i klassene med flest startande ekvipasjer, dette året i klassene Hest LC U 17 og 50 cm sprang.
På lørdag stilte til saman 43 til start i ulike klasser i dressur. I dei uoffisielle klassane RLD1 og LC1 stilte totalt 4 ekvipasjer, som alle gjennomførte flotte rundar på banen.
I klassen Hest LC U 17 var det 17 startande og dermed 5 plasserte. Tiril Jegleim og Jusyo fekk 1. plass og vart klubbmester i denne klassen med 61,92%. Tiril fekk dermed også vandrepokalen i dressur dette året. Same ponnien, Jusyo, tok også 2. plassen saman med Ane Linea Bleiktvedt med 60,00%. 3. plass gjekk til Ronja O. Gjeldokk og Times Chantel med 58,85, 4. plass til Hannah Jegleim og Tirilill fra Voksa med 58,46%. Same ponnien, Tirlill fra Voksa, fekk også delt 5. plass med Tiril Jegleim (57,69%). 5. plass vart det då også på Sigrid L. Holm og Quick Hatrick med 57,69%.
I klassen LC Hest var det også 17 startande og 5 plasserte. Her vart Ingebjørg H. Ådnegard og Kajas Radar klubbmester med 1. plass og 65,00%. Jannicke Sunnset og Hauk tok 2. plass (62,31%), Marie Thorson Østby Natten og Stjernefrikk 3. plass (61,92%). Rannveig Brattegard og Granvins Erla tok 4. plass med 60,77%, og Sigrid L. Holm og Quick Hatrick 5. plass med 60,39%.
Bergljot Bjella med Brown Magic Wind vart klubbmester i klassen LB Hest, med 66,00%. Her var det 5 startande og dermed 2 plasserte. Liv Marit Lien og Birger tok 2. plass med 60,80%.
I klassen LA Hest var det 4 startande. Ragnhild D. Lybekk og Larola tok 1. plass med 67,42%.
Sundagen var det duka for sprang, med tilsaman 62 startande.
Det er gledeleg å sjå at rekruteringa er på plass, heile 11 rytterar, fleire av dei debutantar, starta i den uoffisielle klassa 20 cm clearround.
Vandrepokalen i sprang gjekk i år til vinnaren av klassa 50 cm feil og stil. Med 0 feil og 77 stilpoeng var det Sigrid Lerberg Holm og Quick Hattrick som stakk av med denne. Med heile 30 startande i klassa vart det 8 plasserte:
2 | Ragnhild Danielsen Lybekk | Larola | HALL | 0 - 72,00 | |
3 | Beate Bjella | Nørlunds El Zack | HALL | 0 - 64,00 | |
4 | Ane Linea Bleiktvedt | Sonja Fra Berget | HALL | 0 - 63,50 | |
5 | Bergljot Bjella | Brown Magic Wind | HALL | 0 - 58,00 | |
6 | Mirabell Haugstad | Blakken | HALL | 0 - 56,50 | |
7 | Eirin Listøen | Majeren | HALL | 0 - 55,00 | |
8 | Loïcia Bloin-Wibe | Majeren | HALL | 0 - 53,00 |
I 70 cm feil og stil var det 17 startande og 5 plasserte:
1 | Ragnhild Danielsen Lybekk | Larola | HALL | 0 - 78,50 | |
2 | Sara Disen | Filiforme | HALL | 0 - 74,50 | |
3 | Andrine Bøygaard | Rudsmo Dalmin | HALL | 0 - 67,50 | |
4 | Sigrid Lerberg Holm | Quick Hatrick | HALL | 0 - 62,00 | |
5 | Andrine Bøygaard | Rødlands Baronen | HALL | 0 - 60,50 |
I klassen 80 cm var det berre fire startande og dermed berre ein plassert, vinnaren Mia Olsen med Bonniconlon Lass (Twilight) som fekk 0 feil og 64,50 stilpoeng.
Takk til alle flinke ryttarar og hestar i alle klasser! Og tusen takk til alle engasjerte og dyktige dugnadsfolk som gjer ein fantastisk jobb – slik at vi kan arrangere stevne i Hallingdal!
Tekst: Sissel Skrindo og Rannveig Øygardslia, HHSK
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.