Klubbmesterskap på Gjeldokk

Postet av Hallingen Hestesportsklubb den 14. Okt 2016

HALLINGEN HESTESPORTSKLUBB

Dressursstevne med klubbmesterskap på Gjeldokk Hestesenter – utvida klubbstevne

08.10.16




Totalt 58 ekvipasjer stilte til start i dressur på utvida klubbstevne på Gjeldokk Hestesenter på lørdag. Det var flest deltakarar frå Hallingen Hestesportsklubb, men det var også ekvipasjer frå Geilo Ride- og Kjøreklubb, Sylling Rideklubb og Gevelt Ryttersportsklubb.


I programridning RLD og LC stilte totalt 6 ekvipasjer, som alle gjennomførte flotte rundar.


Helle og Prinsesse starta i RLD


I klasse LC Ponni var det 9 startande ekvipasjer. Åsne Skrindo Danielsen og Frosty vann med 66,96%, og vart dermed klubbmester i denne klassen. Bergljot Bjella og Brown Magic Wind tok 2. plass med 64,78%, og Loïcia Bloin-Wibe med Isildur fra Norheim og Tiril Jegleim med Jusyo tok delt 3. plass med 59,56%.


Åsne og Frosty


Beate og Brown


I klasse LC Hest tok Katja Svennevig (Sylling) med Dex 1. plass med 69,56%. Live Skrindo Danielsen med Savannah tok 2. plass med 67,39%, og vart dermed klubbmester i denne klassen. Hedvig Johanne Rud og Eyarth Pavarotti tok 3. plass med 65,22%. Det vart delt 4. plass; Åsne Skrindo Danielsen med Frosty og Mari Lisa Grue Rygg (Geilo) med Blacky (63,04%). Med 14 og flest startande ekvipasjer i denne klassen fekk Live Skrindo Danielsen også det andre nappet i vandrepokalen i dressur.


Live og Savannah


I klasse LB Hest var det totalt 10 startande ekvipasjer og 3 plasserte. Katja Svennevig (Sylling) med Dex tok 1. plass med 65,00%. Beate Bjella og Eyarth Pavarotti tok 2. plass med 62,50%. Beate Bjella vart klubbmester i denne klassen. Ragnhild Danielsen Lybekk og Larola tok 3. plass med 61,67%.

Ingebjørg Ådnegard oppnådde flest sløyfer og klubbdekken. Ingebjørg Ådnegard tok 1. plass og klubbmestertittel med Åsa Vilja og 65,42% i klassen LB Ponni, og med Lihmskovs Coppercoin og 66,43% i LA Ponni. Det same gjorde Ingebjørg Ådnegard i klassen LA Hest; her med Titania og 66,07%.


Ingebjørg og Vilja


Beate Bjella tok 2. plass i både klasse LB Ponni og LA Hest; med Eyarth Pavarotti og 60,00% i LB Ponni, og med Brown Magic Wind og 65,00% i LA Hest.


2 ekvipasjer stilte til start i FERD Comeback Cup. Katja Svennevig med Dex (Sylling) oppnådde plassering 1 (69,57%)=15 poeng. Hedvig Johanne Rud med Eyarth Pavarotti oppnådde plassering 3 (65, 22%)=10 poeng.




Klubbmesterskap Dressur 2016

Hallingen Hestesportsklubb


LC Ponni: Åsne Skrindo Danielsen – Frosty

LC Hest: Live Skrindo Danielsen – Savannah

LB Ponni: Ingebjørg Ådnegard – Åsa Vilja

LB Hest: Beate Bjella – Eyarth Pavarotti

LA Ponni: Ingebjørg Ådnegard – Lihmskovs Coppercoin

LA Hest: Ingebjørg Ådnegard – Titania

Vandrepokal i dressur: Live Skrindo Danielsen – Savannah


GRATULERER!





HALLINGEN HESTESPORTSKLUBB

Sprangstevne med klubbmesterskap på Gjeldokk Hestesenter – utvida klubbstevne

09.10.16


På søndag stilte totalt 53 ekvipasjer til start i sprang.


10 ekvipasjer stilte til start i 20 cm Clear Round, og 8 til start i 40 cm Clear Round. Mange av ryttarane stilte for første gong på stevne. Alle ekvipasjane gjennomførte flotte rundar.


Mariell på 5 år starta på sitt tredje stevne, her med ponnien Sheridan


Sigrid og Prins som gav oss dagens mest spretne runde


Tuva og Anne Marit med debutantane Radar og Lukas


I klassen 50 cm Feil og stil stilte heile 20 ekvipasjar, og 5 var plasserte.


Trangt om plassen på premieutdelinga for 50 cm feil og stil


I denne klassen vart det tett mellom 2 par søstre. Bergljot Bjella og Alva frå Styrkestad tok 1. plass med 0 feil og 71,00 stilpoeng.


Bergljot og Alva


Det vart delt 2. plass; Beate Bjella og Nørlunds El Zack og Ragnhild Danielsen Lybekk og Larola rei til 65,50 stilpoeng og 0 feil. Åsne Skrindo Danielsen og Frosty tok 4. plass med 0 feil og 63,50 stilpoeng. Live Skrindo Danielsen og Savannah tok 5. plass med 0 feil og 63,00 stilpoeng. Fordi Bergljot ikkje har fyllt 11 år endå, kan ho etter sentralt regelverk ikkje bli klubbmester. Ragnhild og Larola og Beate og Nørlunds El Zack hadde begge 0 feil og same stilpoeng. Fordi Ragnhild og Larola hadde betre tid enn Beate og Nørlunds El Zack, vart Ragnhild Danielsen Lybekk og Larola klubbmester i denne klassen. Med flest startande ekvipasjer i denne klassen fekk Ragnhild vandrepokalen i sprang til odel og eige, då ho no fekk den for 3. gong.


Live og Ragnhild


I 70 cm Feil og Stil stilte 8 ekvipasjer, og 2 plasserte. Her vart det delt 1. plass mellom Sara Disen og Filiforme (Geilo Ride- og kjøreklubb) og Ragnhild Danielsen Lybekk og Larola, begge med 0 feil og 69,50 stilpoeng. Sara Disen startar for Geilo, men er medlem i Hallingen, og vart dermed klubbmester i 70 cm sprang.


Sara og Filiforme


I klassen 80 cm sprang Feil og stil stilte 4 ekvipasjer til start. Her fekk Sara Disen og Filiforme 1. plass med 0 feil og 70,00 stilpoeng. Her var det berre 1 plassert, men sidan kvar ekvipasje berre kan delta i ein mesterskapsklasse, vart Henriette Mosti og Apache II klubbmester i 80 cm sprang med 0 feil og 65,00 stilpoeng.


3 ekvipasjer stilte til start i klassen 90 cm sprang. Sara Disen og Filiforme vann klassen med 0 feil og 68,50 stilpoeng. Her vart det ingen klubbmester fordi det må stille 3 medlemmer av klubben til start for å ha klubbmesterskap.


Flinke stalljenter som steller godt for hestane etter stevnestart



Klubbmesterskap Sprang 2016

Hallingen Hestesportsklubb


50 cm: Ragnhild Danielsen Lybekk - Larola

70 cm: Sara Disen - Filiforme

80 cm: Henriette Mosti – Apache II

Vandrepokal i sprang: Ragnhild Danielsen Lybekk - Larola



GRATULERER!



Tusen takk til rideskulene, medlemmer i Hallingen Hestesportsklubb, ryttarar, foreldre, søsken, besteforeldre, venner og alle andre for imponerande dugnadsinnsats! Utan jobben de gjer kunne vi ikkje gjennomført stevne.



Sissel Skrindo

Hallingen Hestesportsklubb








Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.